page view image

Trøen/Arnesen Quartet - New Paintings of Jazz

Arrangementsinformasjon
event image

«New Paintings of Jazz» er saksofonist og komponist Elisabeth Lid Trøen sitt første bestillingsverk. Bestillinga var eit samarbeid mellom Vossajazz, Jazzfest i Trondheim og Oslo Jazzfestival.

Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser, saman med sin eigen kvartett – Trøen/Arnesen kvartett.

Kvartetten har eit aldersspenn på tre generasjonar, og består av pianist Dag Arnesen – ein nestor i norsk jazz, som har samarbeidd tett med Elisabeth dei siste åra –, den anerkjende bassisten Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf, som er ein av landets aller mest spennande, unge trommeslagarar.

Resultatet vert eit leikent og melodiøst uttrykk som strekker seg frå Keith Jarrett til Edvard Grieg, frå norsk samtidsjazz til John Coltrane og Joe Henderson



Elisabeth Lid Trøen – saksofon

Dag Arnesen – piano

Ole Marius Sandberg – bass

Sigurd Steinkopf – trommer

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert med mindre arrangementet blir avlyst.